Velkomen til Kinsarvik og Hardangertun

artikkelbilde

Hyttene er romslege og velutstyrte og ligg vakkert til midt i frukthagen. Om sommaren kan de kjøpa ferske brød og rundstykke kvar morgon i sommarbutikken vår, og frukosten kan nytast på verandaen eller rundt spisebordet i hytta.

Hardangertun har to typar hytter. Dei medium store hyttene har eit soverom med familiekøyseng med plass til 3 personar, og eit soverom med 2 køysenger med plass til 4 personar. Dei store hyttene har eit soverom i første etasje med familiekøyseng med plass til 3 personar og 5 senger oppe på hems.

Til toppen
Bassenget på Hardangertun