Bestilling og informasjon
Hardangertun Hytter og Familiepark AS
5780 Kinsarvik
Norge
Org nr 878 707 192
Telefon: 53 67 13 13
Telefaks: 53 67 13 14
Mail: info@hardangertun.no
Bookingreglar
VED BESTILLING AV FLEIRE HYTTER ELLER LEILEGHEITER KAN ME IKKJE GARANTERA ATT DEI LIGG VED SIDAN AV KVARANDRE. RING 53671313 FOR INFORMASJON.
INNSJEKK ETTER KL 15:00 OG UTSJEKK FØR KL 12:00 AVREISEDAGEN.
DYR ER IKKJE TILLATT I HYTTENE.
1.BOOKING AV HYTTER/LEILIGHEITER:
Desse bookingreglane gjeld som kontrakt for opphald på utleigehyttene våre. Målet med reglane er å klargjera tilhøvet mellom dei som tingar hytter og oss, på førehand, slik at me kan tena dykk på best mogeleg måte.
2.LEIGETAKAREN SITT ANSVAR
Den som tingar må vera over 22 år. Dette gjeld òg for den som er ansvarleg på hytta under opphaldet.
3.BETALINGSVILKÅR
Hytteleiga kan betalast på førehand eller seinast ved anskomst.
4.AVBESTILLING
Avbestilling må skje seinast 30 dagar før ankomst. Refundering av bestillingen blir gjort innan 3 dg. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før ankomst må heile leigesummen betalas dersom det ikkje på førehand er betalt inn kr 150,- i avbestillingsbeskyttelse og vilkåra for denne er oppfylt. Avbetilling kan gjerast på tlf til 53671313 eller ved innlogging på nettside. Brukarnavn og passord blir sendt i bekreftelse epost.
5.AVBESTILLINGSBESKYTTELSE
Avbestillingsbeskyttelsen på kr 150,- pr. hytte kan ein tinga samtidig med reservasjonen, og gjeld i fall nokon i reisefølget vert ramma av sjukdom eller ulukke. Erklæring frå lege må leggjast fram. Avbestillingsbeskyttelsen på kr 150,- vert ikkje refundert. Resterande beløp blir tilbakebetalt innan 3 dg.
6.ANDRE VILKÅR
Eige musikkanlegg/stereoanlegg må ikkje brukast slik at andre gjester vert uroa. Det er forventa at leigetakar tek omsyn til andre gjester slik at dei ikkje vert uroa. I fall eit hyttelag uroar andre vil det verta påtale, og om denne ikkje vert teke til følgje må dei forlata plassen og leigesummen som er innbetalt vert i slike høve ikkje refundert. Øydelagt inventar, utstyr , annan skade eller mangelfull reingjering vert etterfakturert.
7.HUSDYR
Ein kan ikkje ha husdyr med seg på hyttene.
8.REINHALD
Ved avreise må hytta vera i same stand som den var då de kom. Benker må vaskast, oppvaskmaskina må settas på, avfall og tomgods må fjernas og alle golv må vera vaska. De kan leiga utvask av hytta for kr 395,- pr. hytte. Me vil likevel be om at de set på oppvaskmaskina og fjernar avfall og tomgods.
9.FORBEHALD/FORCE MAJEURE
Hardangertun er ikkje ansvarleg for forhold utanfor vår kontroll.
10.RØYKEFORBUD
Det er ikkje lov å å røyka i hyttene våre og me takkar for at gjestene våre respekterer dette.
11.REKLAMASJON
Eventulle reklamasjonar under eller før opphaldet skal det rettast til personalet i resepsjonen eller tlf 53671313. Ved avbestilling 30 dagar før ankomst vil beløp bli refundert på kredittkort. Sjå pkt 4.
12.KUNDEDATA/PERSONOPPLYSNINGAR
Kundedata/personopplysningar blir ikkje blir delt med eller solgt til en tredje part. Alle kundedata/personopplysningar blir oppbevares ifølge norsk lov.
13.Juridisk ansvarlig
Hardangertun Hytter og Familiepark AS er juridisk ansvarlig for kredittkort transaksjonane gjort gjennom denna nettsida.