Store hytter

artikkelbilde Stove på store hytter.

Hyttene er fullt møblert og har stove med kabel-TV, bad m/dusj og toalett, fullt utstyrt kjøken med oppvaskmaskin, komfyr, mikrobøleovn og kjøleskap.

Dei store familiehyttene m/hems har 8 sengeplassar og er på 65 m2.

Soverommet nede har familiekøyeseng, og hemsen har fem sengeplassar. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene og sengetøy kan leigast.

Vask av hyttene er ikkje inkludert prisen men kan tingast, mot eit tillegg i prisen, seinast dagen før avreise.

Hundar er dessverre ikkje tillate.

Grunnriss stor hytte pdf

Medium store hytter

artikkelbilde

Hyttene er fullt møblert og har stove med kabel-TV, bad med dusj og toalett og fullt utstyrt kjøken med oppvaskmaskin, komfyr, mikrobøleovn og kjøleskap.

Dei medium store familiehyttene med 7 sengeplassar, har to separate soverom, og er på 50 m2.

Det eine soverommet har familiekøyeseng mens det andre har to køyesenger. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene, og sengetøy kan leigast.

Vask av hyttene er ikkje inkludert prisen men kan tingast, mot eit tillegg i prisen, seinast dagen før avreise.

Hundar er dessverre ikkje tillate.

Grunnriss medium hytte pdf


Til toppen
Stor hytte
Kjøkken på stor hytte.
Middels stor hytte
Stove på middel stor hytte