Leirskuleaktivitetar m/instruktør og sikringsutstyr

artikkelbilde

FJELLKLATRING PÅ STEGJERN

Hardangertun har ein spennande klatretrasé som går 25 meter opp ei loddrett fjellside.

Her har me bora inn jernsteg i fjellet, slik at ein kan klatra utan dei store ferdigheitene på førehand. Når du klatrar er du sikra på tre ulike måtar.

Våre instruktørar sørgjer for utstyr, opplæring og tryggleik. Fjellklatring på stegjern passar for både barn og vaksne.

Ta kontakt for meir informasjon og bestilling.

KABELBANE - Løypetur på dobbel stålvaier


Kabelbanen er teikna av ingeniør Bjarne Instanes og vert godkjent av Det norske Veritas kvart år.

Kabelbanen består av to stålvaierar som strekker seg over eit juv. Startpunktet er ca. 20 meter i høgdeforskjell frå landingspunktet. Kabelbanen er ca. 100 meter lang.

Me lovar ein fartsfylt og spennande oppleving som du garantert vil hugsa! Me brukar følgjande utstyr:

Klatresele
Hjelm
Klatretau
Slynge Trinse
Skrukarabin

ORIENTERING

Ved Hardangertun kan du òg læra å bruka kart og kompass. Dette er ein verdifull lærdom når ein skal finna fram i fjellet

BOGESKYTING

Pil og boge er eit jaktvåpen som har vore i bruk i fleire tusen år. I dag vert bogen for det meste brukt til konkurranse. 

Etter ei økt med bogeskyting har elevane lært om historien til bogen, dei ulike delane på ein boge, sikteteknikkar og ikkje minst å bruka bogen. 

Ved slutten av leirskuleveka kårar me den beste klassen i bogeskyting.

Natursti er ein flott aktivitet. Me har ei fin løype som elevane følgjer. Undervegs i løypa vil dei finna spørsmål som dei må svara på. Læraren samlar inn svara til elevane når dei kjem i mål.

KANOPADLING

Kanopadling er ein populær aktivitet. Elevane får opplæring i padleteknikkar og sikringsreglar, samstundes som dei får ein stemningsfull tur i fantastisk Hardangernatur. Me har redningsvestar til både elevar og lærarar. Lærar/instruktør følgjer med elevane i motorbåt/bergingsbåt.

FISKE OG SJØVET

Elevane ror ut for å trekkja garna som vert satt ut kvelden før. Dei får læra sjøvetreglane, fortøying av båten, greiing av garn og rett behandling og reinsing av fisk. Me ser litt på dei indre organa og mageinnhaldet i fisken.

Elevane får læra respekt for sjøen, men òg å kjenna seg trygge i båt. Naturlegvis har alle redningsvestar på seg, og instruktøren/læraren følgjer med i motorbåt/bergingsbåt.

LUFTGEVÆRSKYTING

Elevane vert underviste i sikringsreglane til DFS (Det frivillige skyttarvesen) for handsaming av våpen, både generelt og på standplass. Elevane får òg læra korleis dei skal bruka og oppbevara eit våpen, og kva konkurranseformer DFS har. Etter skytinga går alle elevane ut på ein natursti med spørsmål. Der får dei repetert alt dei har lært om dette emnet.

Til toppen
Husedalen og nyastølsfossen