Turplanlegging

Her får du hjelp til organiseringa av turen til Hardangertun. Desse momenta bør du tenkja gjennom når du skal planleggja eit opphald hjå oss:

Bestem kva veke som høver best for klassen dykkar. Om mogleg set opp alternative veker (hugs å vera ute i god tid).

Ring oss slik at me i fellesskap kan finna fram til ei ledig veke.

Samstundes kan de gjerne gje oss eit ca. tal på deltakarar og ein førebels reservasjon av ei veke. Me vil senda brosjyre og utfyllande opplysningar om leirskulen.

Send ut eit skriv med informasjon til foreldra og sett ein tidsfrist for påmelding til turen. Send samtidig med ei liste over kva elevane må ta med seg. Du får ei slik liste ved å kontakta leirskulen.

Planlegg gjerne eit kveldsprogram, eller eit programinnslag frå klassen.

Det endelege talet på kor mange som vert med på turen må leirkulen ha omlag ein til to månader på førehand.

Kontakt busselskap for tilbod på transport tur/retur.

Til toppen