Utstyrsliste
¤ Ekstra skift av tøy
¤ Vindjakke, varm gensar, ullsokkar og stillongs
¤ Joggedress
¤ Joggesko, eller lette sko og ein liten tursekk
¤ Regntøy og gummistøvlar - viktig!!!
¤ Sovepose/lakenpose og handkle. (Dei som ikkje har sovepose
kan ta med sengetøysett)
¤ Toalettsaker
¤ Badetøy *)
I tillegg kjem andre personlege eigendelar.
Kle og utstyr som elevane har med er viktig for utbytte av opphaldet på leirskulen. Det viser seg at mange møter med kle og utstyr som er lite eigna for friluftsliv.
NB! Kvar veke ligg det att kle og utstyr etter elevane og difor er det svært viktig å merka det dei har med seg med namn og tlf.nr.
I fall nokon spelar instrument er me takksame om dei vil ta det med seg.
De kan gjerne òg ta med eigne cd’ar til å bruka i diskoteket.
Med fotoapparat kan du ta vare på mange gode minne J
*) Badstove, boblebad og utandørs badebasseng er ope mellom
kl 16.00-20.00 og kostar kr 30,- pr. person pr. dag.
Leirskulen har eigen badevakt.