Hytter og hyttelag

Hardangertun har 26 femstjerners hytter som elevane bur i. 10 store hytter med 8 sengeplassar og 16 medium store hytter med 7 sengeplassar.

Store hytter:

Dei store hyttene har åtte sengeplassar, pluss to sovesofaer i stova. Hyttene har stove med sofakrok, spisebord og kabel-TV, bad med dusj og toalett, fullt utstyrte kjøken med oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap. Soverommet nede har familiekøyeseng, og hemsen har fem sengeplassar. Dyner og puter finst i hyttene og sengetøy kan leigast.

Grunnriss stor hytte pdf

Medium store hytter:

Dei medium store hyttene har sju sengeplassar. Hyttene stove med sofakrok, spisebord og kabel-TV, bad med dusj og toalett og fullt utstyrte kjøken med oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap.

Det eine soverommet har familiekøyeseng mens det andre har to køyesenger.

Grunnriss medium hytte pdf

Innkvartering og arbeidsdeling:

Før klassen kjem til Hardangertun vert elevane fordelte på hytter basert på antal gutar og jenter i klassen. Å bu saman med medelevar, utan nokon vaksne i hytta, er for mange ei ny oppleving. Me på Hardangertun ser på dette som ein viktig del av leirskuleopphaldet. Elevane må løysa oppgåvene som ei gruppe. Til dømes: dekka bord, vaska opp, rydda, finna ut kor mykje mat som må hentast, laga niste osb. Alle desse oppgåvene må hyttelaget fordela seg imellom.

Me har laga ein arbeidsfordelingsplan, basert på nr. eleven har fått på innkvarteringsplanen, - og etter kor mange dei er på kvar hytte:

Arbeidsdeling på hyttene pdf

Til toppen