Dagens gang
Klokkeslett Aktivitet
07.00 Vekking
Eitt hyttelag frå kvar klasse får utdelt vekkarklokke og får i
oppdrag å vekkja medelevane sine. Dette går på omgang.
08.30 Inspeksjon av hyttene
Blir gjort av instruktørane på leirskulen.
Hyttelaget får utdelt poeng for reinhald og orden.
09.00 – 12.00 Undervisning
Blir gjort av instruktørane på leirskulen
12.00 – 13.00 Lunsj
13.00 – 16.00 Undervisning
Blir gjort av instruktørane på leirskulen
16.00 – 20.00 Fritid
Elevane syter for å henta mat til hyttene sine.
Dei kan ta del i aktivitetar som til dømes fotball,
basketball, volleyball, badminton, bordtennis o.l.
Det er òg høve til å nytta boblebad, badstove og utandørs
badebasseng (oppvarma vår, sommar og haust).
Leirskulen har tilsett badevakt.
17.00/18.00 Middag
Ein frå kvart hyttelag møter i matsalen 15 min. før middag
og hjelper til med å dekka bord og servera – dette går på
omgang.
18.30 Lærarmøte
Samla møte mellom leirskuleleiing og klasselærarane frå
skulane. Målsetjinga med møta våre er at me i fellesskap skal
leggja til rette for opphaldet til beste for elevane.
20.00-22.00 Fritid
Evt. underhaldningsprogram og diskotek.
Barneskulen 22.00 Ungd.skulen 23.00 Ro på leirskulen!
Elevane skal attende til hyttene sine, og det skal vera ro i leiren kl 22.30.
Elevane skal attende til hyttene sine, og det skal vera ro i leiren kl 23.00.
Leirskulen har tilsett nattevakt