Ordensreglar
I hovudsak gjeld generelle ordensreglar frå Norsk Leirskuleforbund
Elles gjeld ordensreglane som klassane har på sine heimeskular.
1. Undervisning
Det er viktig å møta i til undervisningen i rett tid!
Når undervisningen pågår skal det vera ro og disiplin.
2. Naturen
Me går varsomt fram i naturen og viser respekt for alt liv og til det som veks i naturen.
Boss tek me med oss attende til leirskulen!
3. Orden
Det er viktig at alle samarbeider godt for å halda orden i hyttene og på leirskuleområdet.
Ein må ta vare på inventar og utstyr.
Alle må vera på plass i hyttene sine under den daglege inspeksjonen om morgonen.
Til middagen må alle møta presis! Det er ikkje lov å møta til middagen i badetøy!
4. Hærverk
Dersom noko vert øydelagt må eleven/skulen erstatta dette.
5. Ferdsel utanfor leirskulemrådet
Dersom nokon har ærend i butikk, post eller bank må dei spørja klasselæraren om løyve
til å gå utanfor leirskuleområdet.
Berre to elevar frå kvar klasse får løyve til å gå utanfor området på same tid.
6. Ting ein ikkje får bruka på leirskulen
Rusmidlar/energidrikk
Alle former for dataspel
Rulleskøyter/brett
7. Konsekvensar ved brot på ordensreglane
Grove brot på ordensreglane kan medføra heimsending. Vedtak om heimsending vert gjort i
samarbeid mellom leiinga på leirskulen, klasselæraren og rektor på heimeskulen.
Heimsending skjer på eigen kostnad, og gjev ikkje grunnlag for refusjon av innbetalte
pengar for opphald og undervisning.