Info om Hardangertun
FAMILIEFERIE – for deg og meg!
Hardangertun er perfekt for familieferie. Hjå oss kan de leiga hytte eller bu på den flotte campingplassen vår. Mikkelparken med aktivitetar for store og små, ligg like ved.
Hytter
Me har to typar hytter, som er rangert med fem stjerner i RBL si klassifisering. Dei er begge fullt møblert med termostatvarme, bad med dusj og toalett, stove med kabel-TV og fullt utstyrt kjøken. Dei største hyttene har åtte sengeplassar, og dei middels store hyttene har sju sengeplassar. Dyner og puter finst i hyttene og sengetøy kan leigast.
Camping
Hardangertun camping har stor kapasitet. Me tar mot campingvogner, bubilar og telt. Campingplassen har eige bygg med dusjar, toalett, badstove, boblebad, vaske- og tørkemaskiner.
Mikkelparken
Kan ein hoppetur, plasketur, eller ein tur i jungelløypa freista? Mikkelparken er den ideelle staden for utolmodige føter og plaskeglade sjeler. Utanom basseng, sklier, trampolinar og hoppeslott, kan Mikkelparken by på minigolf, bumpebåtar, gullgraving og mykje anna.
Leirskule
Hardangertun Leirskule er ein av landets mest populære leirskular. Den nyaste aktiviteten vår er ein luftig taubane.
Kurs og seminar
Er du ute etter eit kurs litt utanom det vanlege? Hardangertun ligg sentralt til i Hardanger og har fleire godt utstyrte lokale. Kva med fjellklatring og bogeskyting som pauseaktivitetar? Me kan by på overnatting i flotte femstjerners hytter.