Mikkelparken

artikkelbilde Badeområdet...

Der barndomsminne vert skapt!

Mikkelparken ligg like ved Hardangertun. Her kan små og store bryna seg på fleire spanande aktivitetar. Likar du å bada? Du kan boltra deg i vassklier og basseng i ulike «kategoriar» og vanskegradar. Kanskje du heller vil hoppa? Då er det berre å flaksa i veg i hoppeteltet eller på ein av trampolinane våre.

Mikkelparken byr òg på bumpebåtar, gravemaskiner, elektriske bilar og kanskje eit møte med den snille og lure reven Mikkel? Han likar nemleg best å feriera heime i Mikkelparken. Dessutan likar han sko, så det er best å halda eit auga med føtene sine!

Kom og sjå Mikkel sitt eige show kvar dag i juli månad.

På dammen i parken kan du ta deg ein tur i ein av dei fine andetrøbåtane våre, eller besøka den flotte sjørøverskuta. Eller kanskje du likar å slenga deg frå tre til tre? Då er hengebruene og slengtaua i jungelløypa perfekte for deg.

Velkomen til oss!

Til toppen
Gode barneminne...