Aktivitetar på Hardangertun

BADEBASSENG

For dei som likar bading i både sol og vatn er det oppvarma utandørsbassenget på Hardangertun ope frå midten av april til midten av oktober. Frå det populære badebassenget har ein flott utsikt over fjorden, og området rundt passar for leik og soling. Badebassenget har òg eigen barneseksjon, men hugs at foreldre eller gruppeleiar må vera med barna i bassenget. Sjå oppslag om badereglar.

Bassenget kostar kr 40,- pr person pr dag.

Med Mikkelkort Gull og Sølv kan du nytta bassenget på Hardangertun gratis.

Mikkelparken, som ligg like ved, har fleire badebasseng og vassklier.

BOBLEBAD

Etter en lang og aktiv dag er det herleg å kvila trøtte kroppar i Hardangertun sitt boblebad og badstove. Prisen er kr 60,-pr. person pr. time.

Det er mogeleg å leiga boblebad og badstove privat, og dette kan førehandstingast i resepsjonen på Hardangertun.

Grupper kan få spesialpris på boblebad og badebasseng.

BÅTUTLEIGE

Hardangerfjorden og den vakre naturen rundt gjev ei vakker ramme for ein båttur. Me har utleige av kanoar og robåtar. Ta kontakt med resepsjonen for meir informasjon.

Redningsvestar er med i prisen.

Til toppen