Mikkelparken

artikkelbilde Gode bardomsminner...

Kan ein hoppetur, plasketur, eller ein tur i jungelløypa freista? Mikkelparken er den ideelle staden for utolmodige føter og plaskeglade sjeler. For utan basseng og sklier, trampolinar og hoppeslott, kan Mikkelparken by på minigolf, bumpebåtar, gullgraving og mykje anna.

Der barndomsminne vert skapt

Midt i Hardagertun feriesenter ligg Mikkelparken familiepark. Her kan små og store bryna seg på fleire spanande aktivitetar. Likar du å bada? Då kan du få boltra deg i vassklier og basseng i ulike «kategoriar» og vanskegradar. Kanskje du heller vil hoppa? Då er det berre å flaksa i veg i hoppeteltet eller på ein av trampolinane våre.

Mikkelparken byr òg på bumpebåtar, gravemaskiner, elektriske bilar og kanskje eit møte med den snille og lure reven Mikkel? Han likar nemleg best å feriera heime i Mikkelparken. Også likar han sko, så det er best å halda eit auge med føtene dine!

På dammen i parken kan du ta deg ein rotur i ein av dei fine robåtane våre, eller besøka den flotte sjørøverskuta. Eller kanskje du likar å slenga deg frå tre til tre? Då er hengebruene og slengtaua i jungelløypa perfekte for deg.

Velkomen til oss!

Aktivitetstilbod i Mikkelparken

Vasssklier

Badebasseng

Elektriske bilar

Trampolinar

Hoppetelt

Fiskedam

Klatreløype

Mini Zoo/Bondegård: med geiter, kaniner, marsvin og høner + hopping i høyet.

Fjernstyrte båtar

Innandørs leikehus

Minigolf

Gullgraving

Til toppen